Noverande tenketank for RENATE er oppretta med utgangspunkt i forskingsarbeidet til stipendiat hos RENATEsenteret, psykolog Helge Brovold.
Han hevdar at realfagsbransjen må ta inn over seg det faktum at ulike hjernetypar tar til seg matematiske problemstillingar på ulike måtar. Dette er grunnleggande interessant fordi den sjølvinformerande strukturen til hjernen - (kall det gjerne tankemønster eller måten hjernen prosesserer data på) gjer at ulike menneske får ulike personlegheitstrekk, evner og interesser.
For å lære seg dei matematiske verktøya, handlar det i startfasen mykje om hjernen sin evne til logisk kombinasjon og motivasjon for reproduktiv aktivitet. For nokon er ikkje dominerande celle-nettverk-struktur optimalt eigna til denne type tenking eller gjeremål. her snakkar vi om hjernetypar som har styrken sin på andre felt - for eksempel det praktiske, det kreative eller det relasjonelle området. Men nettopp desse hjernetypane er det viktig at vi får med oss på realfagslaget, fordi dei vil utvide og styrke den teknologiske utviklinga gjennom auka fokus på forbrukarempati, praktisk relevans, ekte kreativitet og heilskapleg tenking. Skal vi skape ei bærekraftig samfunnsutvikling i Noreg og i verda for øvrig er det heilt nødvendig å få desse med på laget.
Tenkegruppa har i oppdrag å klargjere på eit overordna nivå korleis dei ulike hjernestrukturane forheld seg til den matematiske verda – og seie noko om kva det må forskast på for å kome næare ei forståing.
Dette vil i neste omgang styrke grunnlaget til å endre måten vi serverer matematikken på slik at fleire opplever og viser den nødvendige meistringa i faget.
Medlemmar
Tenketanken 2012-2013 er sett saman av ei gruppe framståande forskarar med kompetanse i skjæringspunktet psykologi, matematikk, statistikk, cellebiologi og kjemi.
Her kan du lese om deltakaranee i Tenketanken 2012-2013.
Gruppa skal presentere resultatet av tenkearbeidet sitt på MNT-konferansen 12.-13. mars 2013 i Trondheim.