RENATE skal vere ein pådrivar i rekrutteringsarbeidet for realfag, og har hovudfokus på vala til ungdommen. Derfor er målgruppa vår både elevar, studentar, foreldre, rådgivarar og lærarar.
Vi skal vere matchmaker mellom ulike nivå i utdanningssektoren og mellom utdanning og arbeidsliv. Informasjon, rådgiving, nettverksbygging og evalueringsarbeid er våre primære tenester.
Klima og miljøutfordringar, helse, vatn, fornybar energi: Realfag handlar om samfunnsengasjement. Vi treng fleire innovative realistar, globalt og nasjonalt, som kan skape morgondagens teknologi. Her ønskjer RENATE å utgjere ein skilnad!
| REkruttering til NAturfag og TEknologi = RENATE |
RENATE blei oppretta av Kunnskapsdepartementet i 1998 og fekk i 2007 fornya og utvida mandat. RENATE er eit ressurssenter for alle som jobbar med rekruttering til realfag og teknologi. Senteret held til i Trondheim.
RENATEsenteret er direkte underlagt Kunnskapsdepartementet si Universitets- og høgskoleavdeling i alle faglege spørsmål. Vi er organisert som ei eiga eining knytta til NTNU, i overeinsstemming med § 1-4 i Lov om universitet og høgskolar.