Her er du: Forside  / Om RENATE  / ENT3R  / Delta på ENT3R?

Delta på ENT3R?

Norge treng realistar, men kva må til for at elevane i eit "hav av moglege val" skal velje ei fremtid innan realfag? ENT3R ønskjer å gi deg den motivasjonen, gleda og kunnskapen som må til for å forstå kvifor det å velje realfag kan løne seg! Som elev i ENT3R kan du få delta på matematikktrening saman med studentar fra universitet/høgskular.

Delta på ENT3R - bli ENT3R-elev!
 

  • Har du lyst til å lære meir matematikk?

  • Er du nysgjerrig på kva realfag og teknologi kan brukast til?

  • Treng du hjelp med matematikkleksene?

  • Eller treng du kanskje meir utfordrande matematikkoppgåver?

     

Sjå oversikt og kontaktinformasjon for  stadane som tilbyr ENT3R!

 

ENT3R_devider


"Det beste med ENT3R er måten mentorene får
oss til å skjønne oppgavene på, og de får oss til å komme
fram til svaret ved å tenke."
Johanne 15 år


"For meg er ENT3R den trygge atmosfæren
og det å bli møtt med et smil."
Adrian 16 år

ENT3R_devider


Det er mange fordelar med å delta i ENT3R. Du har ein unik sjanse til å betre kunnskapane dine, og kanskje få ein betre karakter i matematikk. På lang sikt byggjer du opp eit viktig grunnlag for framtida di. Med realfag har du utruleg mange ting å velje mellom når du skal velje utdanning etter vidaregåande skule. ENT3R vil gi deg informasjon om kva som er mogleg, kva jobbar du kan få, og kvifor realfag er viktig for framtida og det samfunnet vi lever i.

 

Er det noko anna eg bør vite?

  • Det kostar ingenting å delta på ENT3R
  • Uansett kva fagleg nivå du er på - ENT3R vil vere positivt for deg.
  • Nokon ønskjer å arbeide med pensum og lekser, mens andre vil ha grubleoppgåver og større utfordringar. Hos ENT3R får du det du ønskjer
  • Du deltar på ENT3R ein ettermiddag, ein-to timar,  kvar veke


Invester i framtida di.


Kva skjer under realfagstreninga?

Matematikktreninga er på universitetet/høgskulen. Når du kjem til universitetet/høgskulen vil du møte eit nytt og ukjent miljø, og du vil sjå korleis det er på lærestedar for høgare utdanning i Noreg. I ENT3R ønskjer vi å vise at steget frå vidaregåande skule til høgare utdanning ikkje er så langt som mange trur.

Kvar elev deltar på ei elevgruppe som blir følgt opp av ein mentor – mentoren er så klart ein student! Gruppa og mentoren møtest ein gong i veka, og kvart treff varer cirka to timar.

Elevkveld

Nokre gongar ii semesteret møtest elevane i ENT3R til ein elevkveld. Då får du høve til å treffe alle dei andre som er med på ENT3R, og i tillegg blir det servert pizza, og det blir arrangert konkurranse. Det som er det aller beste på elevkveldane er at utvalde bedrifter presenterer seg og viser fram kva matematikk og realfag kan brukast til i yrkeslivet.