Her er du: Forside  / Om RENATE  / ENT3R  / Mentor og prosjektleiar

Mentor og prosjektleiar

I ENT3R er mentorane sjølve fundamentet i ordninga - med andre ord - mentorane er suksessingrediensen i ENT3R!

Mentorar er engasjerte og dyktige realfags- og teknologistudentar. Dei er opne, tolmodige og har evne til å motivere elevane - gjerne på ein litt ny måte. Mentorane i ENT3R er rollemodellar og det er viktig at mentorane bryter med elevene sine stereotype haldningar til korleis ein student i realfag eller teknologifag er.


Som mentor bidrar du til at fleire ungdomar får høve til å bli kjend med realfaga på ei ny måte, og ungdomen får eit inntrykk av det mangfaldet av studie- og yrkesmuligheiter realfag og teknologi kan gi.


Kva tilbyr ENT3R mentorane?

  • Eit triveleg arbeidsmiljø og ein kjekk jobb med et løn på linje med studentassistentjobbane ved høgskulen/universitetet
  • Mentorkurs der du får lære meir om det å vere rollemodell og matematikk-mentor.
  • Høve til å prøve ut ulike pedagogiske måtar for å forklare og presentere matematikk. På denne måten opparbeider du deg verdifull erfaring.
  • Du blir kjend med andre studentar og vil oppleve eit fagleg fellesskap
  • Alle mentorar får ein attest etter eitt år som mentor


Det er utarbeidd ein guide til kva ein mentor i ENT3R er og ein arbeidsinstruks, samt etiske retningsliner for både mentorar og  leiarar.

 Dersom du har lyst til å bli ENT3R-mentor kan du kontakte prosjektleiar på studiestaden din!


 

Prosjektleiar

Der det er tilbod om ENT3R blir ordninga leia av ein prosjektleiar. Prosjektleiaren er ansvarleg for å organisere den daglege drifta av ENT3R. Som prosjektleiar har du stort ansvar i ENT3R. Dersom du vil vite meir om prosjektleiarrolla - eller er ny som prosjektleiar - er det utarbeidd ein ABC for prosjektleiarar (pdf).